Amper stemning: Det skal ha vore amper stemning på Osøyro laurdag kveld kring midnatt.

BT: Mann slått bevisstlaus i Os

Rett før midnatt skal politiet ha fått eit anrop om at nokon var i naud i Os sentrum.

— Meldinga gjekk på at ein person var slått ned og var bevisstlaus, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen, til BT.

Mannen skal ha blitt henta av ambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid etter hendinga skal politiet ha fått kontroll på ein gjerningsperson, som blei gripen.

Til BT sa Knappen ytterlegare ein person på staden var aggressiv. Det blei send ut fleire patruljar grunna amper stemning.