Brannvesenet måtte få hjelp frå ei redningsskøyte til å sikra ei drivande betongbrygge i natt.
Brannvesenet måtte få hjelp frå ei redningsskøyte til å sikra ei drivande betongbrygge i natt.

Brygge på rek skapte farleg situasjon

- Då mørket seig på og vinden auka, måtte me tilkalla ei redningsskøyte for å sikra flytebrygga, fortel Terje Håvardstun ved Os brannvesen.

Rundt kl. 1830 i går kveld fekk brannvesenet melding om ei laus flytebrygge i Skeisstøa som kunne vera farleg for andre båtar. Først kl 23.30 var brygga trygt sikra.

- I mørket kunne jo andre båtar uforvarande ha køyrt inn i flytebrygga, så me var beint nøydde til å sikra henne, seier Terje Håvardstun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båten Os brannvesen har tilgjengeleg greidde ikkje å hanskast med den store betongbrygga åleine, så ei redningsskøyte frå Bergen måtte tilkallast.