Brukte ein time på å få han ned
Ein mann i 40-åra klatra torsdag morgon opp i ei mast på Moberg. Politiet fekk han ned til slutt.
Frå politiet kom til staden i 06.50-tida tok det nærare ein time før mannen gjekk med på å gå ned frå masta.
Etter det Os og Fusaposten forstår handlar det her om ein psykisk ustabil mann.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var krevjande å få han ned. Me hadde han nesten nede ei lita stund, men så gjekk han oppover igjen. Heldigvis enda det bra til slutt, seier innsatsleiar, Frank Listøl.
Normal trafikk
Medan politiet handterte situasjonen med mannen i masta gjekk trafikken noko lunde normalt på staden.
- Me trong ikkje stengja av, men det var nok litt kø her ein stund likevel.