Bruduljar ved busskur
Litt før kl 20.00 i går kveld vart det meldt om vald ved eit busskur ved Halhjem. Det var to mot ein, der den eine involverte fekk mindre kuttskadar.
- Me snakka med vitne som meinte det som gjekk føre seg var rimeleg dramatisk, fortel konstituert lensmann i Os, Audun Hadler-Olsen.
Ingen av kamphanane, som er utanlandske statsborgarar, ville politimelda forholdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Daud hjort
Tysdag fekk Os lensmannskontor melding om ein daud hjort som låg og flaut ved Brimsholmen. Bergen hamnevesen vart kontakta og følgde opp saka vidare.
Under ein trafikkontroll ved Os Amfi i går vart 30 bilar kontrollerte. To av desse fekk pålegg. Den eine for fastmontering av skilt, den andre fekk pålegg om å få ordna dokumentasjon av kjøp av køyretøy.
Ved Kvernhusrenene vart det meldt frå om høg musikk etter leggetid i går kveld. Politiet tok kontakt og bad om at det måtte takast omsyn til naboar.
- Elles er loggen tom vidare, fortel konstituert lensmann til avisa onsdag føremiddag.