- Sjølv om det er kome bru i Osmarka, er hesteløypa framleis til for Os travklubb, seier Jermund Borgen. (Arkivfoto)
- Sjølv om det er kome bru i Osmarka, er hesteløypa framleis til for Os travklubb, seier Jermund Borgen. (Arkivfoto)

Bru-duljar i Hesteløypa

Os travklubb meiner tryggleiken i samband med Knutabruo er så dårleg ivareteken at ho ikkje bør brukast. Brukameratane seier at det er den enkelte sitt ansvar å syta for trygg ferdsel.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I byggjeperioden har det vore steile frontar mellom brukameratane og Os travklubb. Travklubben har følt seg pressa ut av si eiga hesteløype.

- Det har skjedd fleire nestenulukker i byggjeperioden. Etterkvart har medlemmene våre rett og slett ikkje tort å bruka løypa. Både bilar og gravemaskiner har stått i løypa. Me føler oss rett og slett litt overkøyrt, seier dagleg leiar i Os travklubb, Jermund Borgen.

No når sjølve brua er ferdigstilt, ønskjer dei naturleg nok å koma seg tilbake til anlegget dei har bruksrett på, ifølgje leigeavtale med Opplysningsvesenets fond (OVF). Problemet er berre at dei framleis opplever at tryggleiken er dårleg ivareteken.

Fører denne brua til endå fleire fotgjengarar i hesteløypa? Og er det trygt?
Fører denne brua til endå fleire fotgjengarar i hesteløypa? Og er det trygt?

- Me har hatt møte med brukameratane og Os kommune før bygginga av brua, og då vart det lova at dette skulle bli trygt. Mellom anna skulle det oppførast eit nettverk av stiar i samband med tilførslevegen til brua, slik at fotgjengarane ikkje treng å gå i vår treningsløype. Men desse stiane er ingen stad å sjå, seier Borgen.

- Brua leier folk inn i hesteløypa

- Opplever de at det er blitt fleire fotgjengarar i området som følgje av Knutabruo?

- No har brua berre vore open i ei veke, men tilbakemeldingane me har fått denne veka er at det er blitt meir trafikk. I tillegg er det enkelte som joggar med musikk på øyrene, slik at dei ikkje kan høyra når det kjem hestar. Andre går med hundar utan å ha dei i band. Barnehageborn og skuleelevar går her også, seier Jermund.

- Meiner de at folk ikkje har lov til å gå i hesteløypa?

- Me kan ikkje nekta folk å gå der. Poenget vårt er at ein ikkje kan slusa turgåarar inn i vår treningsløype utan å ta ansvar for tryggleiken. Det er hestefolket som har betalt for løypa, og det er framleis vår løype etter at det er kome bru i området. Hestar i stor fart betyr ein viss risiko for omgjevnadene - det er difor me har denne løypa. Dette må no sikrast, og det er kommunen sitt ansvar, seier Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har sendt eit brev til Os kommune der dei påpeikar nettopp dette. Dei skriv også at "broen bør ikke benyttes før sikringsarbeidet er ferdig".

Trur ikkje på større konflikt

Harald Døsen i brukameratane har hatt dialog med både Borgen og Os kommune i saka. Han vedgår at samarbeidet ikkje har vore heilt lett i byggjefasen.

- Me må innrømma at det har vore litt trasig i anleggsperioden. Men med omsyn til dei som no kjem til å bruka brua, er det stort sett dei same som har brukt hesteløypa tidlegare. Så me reknar ikkje med at dette skal bli noko særleg større problem no enn det har vore tidleg-are, seier Døsen.

- Vil ikkje brua generera meir trafikk i seg sjølv?

- For å sjå positivt på det: Eg synest det er veldig bra at enkelte no faktisk har fått sjansen til å gå til jobben, som ikkje hadde sjansen til det før. Dei som bur på Hjelle kan til dømes nytta brua til å gå over til senteret.

Når det gjeld tryggleiken, viser han til det ordførar Terje Søviknes vart sitert på i «Os og Fusaposten» sist laurdag. Ordføraren viste mellom anna til at Os kommune no har teke på seg ansvaret for drift og vedlikehald av brua, og at kommunen vil vurdera å gje eit tilskot til restfinansieringa.

- Desse pengane vonar me kan brukast på å etablera ein avlastingsveg slik at ikkje vert noko konflikt med hesteløypa, seier Døsen.

Travklubben møter seg sjølv i døra?

I brevet til Os kommune viser Os travklubb også til leieavtalen dei har med OVF om hesteløypa: "Leigeavtalen varer minimum 10 år til. Veien er vår eiendom. Grunnen er OVF sin eiendom. Det vil si at vi, og bare vi, bestemmer over bruken av selve veien i leieperioden".

Artikkelen held fram under annonsen.

Harald Døsen viser på si side til at dette dreier seg om utmark, og at då gjeld allemannsretten.

- Ingen har særrettar i Osmarka. Faktisk opplever travklubben noko av det same no som dei av oss opplevde då løypene først kom i 1985. Trugåarar kjente på at utøvarane av travsporten tok turstiane frå dei. Og sjølv om det er rett at Os travklubb eig grusen i marka, så gjeld likevel allemannsretten. Til og med OVF har sagt at Osmarka er open for alle.

- Men er det trygt å gå der samtidig som det vert køyrt fort med hest?

- Det er akkurat det som er verkebyllen. Ein må verta einige om køyrereglane her. Men me som brukameratar kan ikkje instruera folk som er ute og går på tur korleis dei skal oppføra seg. Der har alle eit ansvar, og alle må visa omsyn til kvarandre, seier Døsen.

Leonsen: - Vil få på plass sti

Idrettskonsulent i Os kommune, Tom Leonsen, seier at dei akkurat har motteke brevet frå Os travklubb og at dei jobbar med saka internt.

- Kva tid trur du stinettverket eller avlastingsvegen kan vera på plass slik at ein unngår konflikt med travsporten?

- Turvegen/avlastingsvegen vert fremja i handlingsprogrammet for 2016, kommunedelplan for fysisk aktivitet idrett og friluftsliv. Me har begynt å sjå på traséen og økonomien i prosjektet, og så me berre må ta det derifrå, seier Leonsen.

Han seier elles at heile Osmarka er eit LNF-område og at allemannsretten gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vårt mål er å vera løysingsorienterte, og få til ei positiv løysing slik at både folk og hestar kan ferdast trygt i området, seier han.