Brillefin omsetnad
Til neste år feirer dei 80 år som butikk på Osøyro. Men alt no kan Interoptik Optiker Bakketeig jubla, for 2015 ser ut til å bli eit rekordår med god margin.
Benjamin Søgnen Olsen
Artikkelen held fram under annonsen.
benjamin@osogfusa.no
Tidligere i veka skreiv me om Jernia Sælen som låg an til rekordomsetnad. Dagleg leiar i Interoptik Optiker Bakketeig, Andreas Bakketeig fekk med seg saka om Sælen, og tipsa Os og Fusaposten om at det er fleire butikkar i sentrum som blømer.
- Me ligg an til eit rekordår med vekst på 17 prosent hittil, seier han.
Tre butikkar
Andreas er tredjegenerasjons Bakketeig som styrer butikken i Os sentrum. Han var ikkje til stades då Os og Fusaposten stakk innom, så me snakka med andregenerasjons Bakketeig, Linda.
- Det er Andreas, og kona som driv butikkane. Eg har selt meg ut, og er i dag berre tilsett i butikken, seier ho.
I tillegg til butikken på Osøyro, har dei ein i Vaskerelven i Bergen, og ein på Øyrane Torg i Arna.
Graving er bra
Linda ser over tala, og stadfestar at dei ligg an til 17 prosent vekst i år. Os-butikken er i tillegg den av Bakketeig-butikkane med dei beste tala for året.
- Det er veldig gode tal. Særleg grunna all gravinga i sentrum. Det var ganske stilt her då vegen utanfor butikken var stengt, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så ein kan ikkje seia at gravinga har vore bra for kundeflyten?
- Nei, det kan me ikkje seia. Men det arbeidet som vert gjort med sentrum er viktig. Det er eit godt tiltak, trur eg, seier ho, og legg til:
- Det er kjekt å kunna fortelja at det går bra med butikken. Det er viktig å løfta fram at det er ein del butikkar i sentrum som gjer det bra, og ikkje berre snakka om at det går dårleg for nokon.
Brukar tid på kundane
For eit par år sidan pussa dei opp lokala, og i fjor fekk fasaden eit strøk med maling for å fresha opp utsjånaden. Dette er faktorar som nok spelar inn i suksessen dei no opplever.
- Det er ikkje berre det at me har pussa opp. Me har teke eit val, og satsa. Utstyret me har er frå øverste hylle, og me brukar mykje tid på kundane våre. Det trur eg er viktig om ein ønskjer å lukkast, seier Linda.