Liste: I brevet som har gått ut til alle barnehageforeldre fredag, er det lista opp kva som blir annleis i oppstarten for å sikra godt smittevern.

Brev frå kommunen: Slik vert opningstidene og oppstarten

Måndag opnar barnehagane i Bjørnafjorden kommune igjen, etter å ha vore stengde for normal drift i over éin månad.

I brevet som har gått ut til alle barnehageforeldre i dei kommunale barnehagane fredag, er det lista opp kva som blir annleis i oppstarten for å sikra godt smittevern.

Her er lista over punkt:

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindre barnegrupper med færre nærkontaktar

Opningstida vil vera frå kl. 8 til 15, måndag til fredag slik at vi har alle vaksne på jobb samstundes. (Desse opningstidene gjeld dei kommunale barnehagane)

For foreldre i samfunnskritiske funksjonar vert det påpeika at 7 timars opningstid «vil vera vanskeleg for foreldre i samfunnskritiske funksjonar».

– Vi ber om forståing for at det blir slik måndag og tysdag når vi skal få til ei god og trygg oppstart for alle barn og vaksne. Vi vil ha direkte dialog med dykk om andre løysingar frå onsdag, skriv kommunen.

Auka reinhald og fokus på smittevern.

Barna skal spisa frukost før dei kjem i barnehagen og ha med matpakke til lunsj. Dei tilsette i barnehagen ønskjer å bruke mest mogleg tid saman med barna dykkar. Smittevernlegen anbefalar at maten blir pakka inn i matpapir, slik at vi unngår å flytta matboksar mellom heimen og barnehagen. Barna vil få drikke i barnehagen.

Barna skal hentast og leverast ute så sant dette er mogeleg

Det blir myke utetid i barnehagane framover

Artikkelen held fram under annonsen.

Barnehagane i Bjørnafjorden kommune følgjer den nasjonale rettleiaren om smittevern i barnehagar.

Barn og vaksne med symptom på luftvegsinfeksjon må ikkje møte i barnehagen. Dette gjeld òg levering og henting.

Alle barn og vaksne vil få grundig opplæring i handvask og god hostehygiene.

– Når vi veit korleis den første veka har gått, vil vi vurdera tilpassingar av vidare drift. De vil få informasjon om dette fredag 24. april, avsluttar kommunen i brevet.