Brannvesenet på veg for å assistera ku som står med møkk opp til halsen
Ei ku har falle ned i møkkakjellaren i Strandvik. Vaktlag frå brannvesenet er på veg for å hjelpa til.
Kring klokka kvart over eitt torsdag ettermiddag melde 110 Hordaland på Twitter at brannvesenet er på veg for å hjelpa til med ein ku som står fast i ein møkkakjellar.
Varabrannsjef Erik Walden er del av laget som er på veg inn til Strandvik no.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi har fått melding om ein ku som har falle ned i møkkakjellaren. Kua står med møkk opp til halsen. Vi veit ikkje om ho er skadd av fallet, fortel Walden.