Brannvesenet køyrde ut for å sjekka «avstandsmelding om store flammar»
Brannvesenet rykte ut til Lepsøyneset i kveld.
Brannvesenet fekk i kveld ei «avstandsmelding om store flammar frå eit hyttefelt i området Lepsøyneset».
Mannskapet rykte ut for å sjekka. Det viste seg å vera kontrollert bålbrenning med folk tilstades.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mindre flammar no. Brannvesenet returnerer utan behov for tiltak, meldte 110 Hordaland på Twitter vel kl 18.30 i kveld.