Brannvesenet bistår både i Fusa og på Os etter vassinntrengingar
Det melder 110 Hordaland på Twitter.
I Fusa er det vassinntrenging i kjellaren på Strandvik Montessoriskule.
Vaktmeisteren ved skulen skal ha meldt frå om at han trong bistand, og brannvesenet har no reist ut for å hjelpa med å pumpa ut og leia vatnet vekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er nokre klasserom som skal vera truga, fortel vaktkommandør Tore Fanebust ved 110-sentralen til BT.
På Os er det ein bustad i Myrvollen som no får assistanse etter at vatn har trengt inn.
Litt over kl 23 melder 110 om ein ny vassinntrenging, denne gongen i Hegglandsdalsvegen. Brannvesenet er på veg for å bistå også her.
På grunn av overvatn er det manuell dirigering på E39 på Kaland på grunn av flaum. Det opplyser Statens vegvesen.