Branntryggleik i båt: Brannsjefen hugsar skrekkeksempel frå Os
Brannvesenet har vore ute og opplyst om branntryggleik i båt og kor viktig det er. Brannsjef Stein Gjøsund hugsar ei hending som bør stå til skrekk og åtvaring.
– Generelt sett har eg inntrykk av at osingar er flinke til å tenkja på branntryggleik i båt, men det finst alltid unntak. Eg hugsar til dømes ein episode nede i hamna. Det låg ein båt til kai rett ved fyllestasjonen for båtane, og dei hadde fyrt opp grillen på akterdekk, fortel Gjøsund og legg til:
– Dette er noko eg berre har sett ein gong, men det har festa seg på minne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannvesenet opplyser om at det bør vera obligatorisk med røykvarslar også i båt, og at ein også bør ha brannsløkkingsapparat.
– Det er ikkje eit krav, men ein bør ha det. Dei som har propan i båten, bør også ha gassvarslar. Tankane blir gjerne oppbevart utandørs, men det kan også bli lekkasje på slangane som går inn, seier Gjøsund.
Det som er påbod om i båt, er å ha flyteutstyr.
– Ein må ha flytevest om bord. Det er ikkje krav om å ha dei på seg, men ein bør ha det. Eg ser at dei aller fleste er flinke til å bruka dei. Det er gjerne min generasjon, dei som er 50 år og oppover, som er dei som er minst flinke, seier Gjøsund, som gler seg over at sommaren ser ut til å vera i anmarsj.
– Eg vil ønskja alle båtturistar velkomne til Os. Berre ver litt forsiktige og ha fokus på branntryggleik, seier han og smiler.
Andre tips frå brannvesenet er å syta for at elektrisk anlegg og elektrisk utstyr er forskriftsmessig installert og blir brukt som føresett. Ein bør utføra kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald før ferieturen startar.
Ti råd for å unngå brann i båt:
* Monter røykvarslar.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Ha alltid godt flyteutstyr tilgjengeleg og klar til bruk.
* Søl ikkje med drivstoff eller olje.
* Gassanlegg, koke- og varmeapparat må installerast, kontrollerast og reparerast av fagfolk.
* Sjekk at elektriske apparat er i god stand og blir brukt etter forskrift. Apparat berekna for innandørs bruk må ikkje brukast utandørs.
* Sjekk det elektriske anlegget (både 230 volt og 12 volt). Pass særleg på at leidningar ikkje er skadd.
* Eldfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring.
* Ha alltid brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg i båten.
* Ver merksam på lekkasjar.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Stopp motoren og sløkk sigarettar og opne flammar før påfylling av bensin eller olje.
* Steng alle utløp for bensin, gass eller olje når turen er avslutta.
* Vurder branntryggleiken i gjestehamna.