Brannøving på Lunde
I 10-tida i dag set Os brannvesen i gong med øving i Torkjelsvegen i nærleiken av Lunde skule.
- Det kjem nok til å koma ein del røyk i område, og litt oske nedfall. Dei som bur i nærleiken bør lukka vindauga, seier varabrannsjef, Arne Monsen og legg til:
- Men det er altså ei øving, så det er ingen grunn til å vera bekymra om ein ser røyk eller eld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegen kan bli stengd
Brannvesenet skal setja fyr på ei løe, og naboane er varsla.
- Vi har varsla, men vi var usikre på kva dag det blei då vi sendte ut eit skriv. Vi vil gjera det før skulen startar opp att, og i dag er det meldt fint vêr, seier Monsen.
Om området blir veldig røykfullt kan det henda at vegen blir stengd i ein kort periode.