Brannen i Hagavik: Har kontroll på staden
Brannvesenet er framme ved Hagavik Hjemmebakeri.
Dei opplyser at det skal ha vore brann i ventilasjonsanlegget i bustaddelen over bakeriet.
Det er ikkje meldt om opne flammar, og alle tilsette skal vera ute av bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er sløkt no og me driv etterkontroll, seier brannsjef Eivind Hovden.
Det skal ha vore to born og to vaksne i bustaddelen. Ingen er skadd, men dei fire blir tekne hand om av helsepersonell.