Brann i traktor. Spreidde seg til løe
Klokka 14.11 torsdag vart det meldt om brann på Nedre Hafskor.
Det opplyste 110 Vest på X.
Ifølgje meldinga skal brannen ha starta i ein traktor, for deretter å spreia seg til ei løe.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Traktoren, som stod inntil ei eldre løe, tok plutseleg fyr. Eigar meldte sjølv frå om brannen, fortel innsatsleiar Erik Walden til Os & Fusaposten.
Saman med brannsjef Espen Storum og leiar for førebyggjande avdeling Arne Rødberg, var han på møte på brannstasjonen i Eikelandsosen då meldinga kom.
– Vi hadde nok ressursar, og rykka ut med ni mannskap herifrå og to frå Samnanger, fortel han.
– Eg, Espen og Arne var med i førsteinnsatsen saman med utrykkingsleiar Stian Kvam. Vi hadde med oss eitt 12-kilospulverapparat. Saman med huseigar sitt 6-kilosapparat, klarte vi å halda brannen nede til røykdykkarane var på plass. Eg trur det var det som redda løa, opplyser Walden.
Fekk raskt kontroll
20 minutt etter at meldinga kom inn, hadde brannvesenet kontroll på brannen.
– Det er viktig å vera tidleg på'an for å klara å avgrensa omfanget. Med hjelp frå tankbilen til brannvesenet i Samnanger fekk vi sløkt brannen og dynka området rundt, seier Walden, og legg til at det var utfordrande for mannskapet å arbeida i dei tjukke kleda på ein av årets varmaste dagar.
Kva brannen skuldast, er for tidleg å seia noko om.
– Det må politiet svara for. Det vi fekk opplyst var at det var røykutvikling frå ein traktor, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.