Brann ved skulen: Søndag kveld fekk naudetatane i Os melding om brann i ein søppelkasse ved Søfteland skule.

Brann i søppelkasse ved Søfteland skule: – Tre ungdomar stakk frå staden

Klokka 20.42 søndag fekk naudetatane i Os melding om at det brann i ein søppelkasse ved Søfteland skule.

Brannvernet rykte ut til skulen, og fekk kontroll over brannen.

– Tre ungdomar skal ha stukke frå staden. Det er mest sannsynleg dei mistenkte, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at når ein tenner på ein søppelkasse i nærleiken av ein skule, risikerer ein at brannen spreier seg.

– Det kunne fort ha gått gale. Vi tek saka på alvor, og følgjer han opp vidare, påpeikar politioverbetjenten.

– 40–50 bilar «burna» utanfor Lidl-lageret

Vel klokka 18.30 laurdag kveld fekk politiet melding om ei ulukke med ATV i Lønnevågvegen i Nordstrøno. Ein mann tidleg i 20-åra kvelva med ein firehjuling, og fekk foten i klem.

Det er ifølgje Lyssand ikkje mistanke om promillekøyring i samband med ulukka.

– Han bles til 0,0. Førebels er det uklart kva som er årsaka til ulukka, men førarkortet hans vart mellombels inndrege, seier Lyssand.

Seinare på kvelden, i 21-tida, samla det seg ifølgje politioverbetjenten mellom 40 og 50 bilar ved det gamle Lidl-lageret i Ådnadalen.

– Dei dreiv med såkalla «burning». Det føregjekk ein times tid før politiet kom til staden. Vi kjem til å følgja opp hendinga med trafikkansvarleg hjå oss, opplyser Lyssand.

– Ingen køyrde for fort

I 14-tida søndag gjennomførte UP ein trafikkontroll i 50-sona på Hatvikvegen, i retning Fusa. UP var på staden i ein halvtimes tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var lite trafikk, og kontrollen resulterte i ingen reaksjonar.

Måndag morgon, kring klokka 09.15, kom det melding om ein båt ved ferjekaien på Halhjem som tek inn vatn.

– Det er vegvesenet som har ansvaret for slikt. På noverande tidspunkt er eg litt usikker på kva dei føretek seg, er meldinga frå politiet i Os.