Helikopter: Brannvesenet har fått hjelp av brannhelikopter til sløkkinga av terrengbrannen i Samnanger.

Terrengbrannen i Samnanger: Store styrkar er kalla ut for å få kontroll

Brannhelikopter er i sving for å stoppa brannen. FV 579 Solbjørgvegen vert no heilt stengt.

Etter å ha vore stengt og så opna, er fylkesveg 579 Solbjørgvegen no stengt igjen ved Hattavika/Hildersvika.

Det melde Vegtrafikksentralen klokka 14.35.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politi og brannvesen er no på staden etter at dei fekk melding om terrengbrann rett over klokka 13 i dag.

Meldinga per no er at det brenn i Sauafjell-området mellom bilvegen og “kraftgata” på staden. Det er ikkje er hus i nærleiken.

Sauafjellet ligg nokre kilometer frå kommunegrensa til Bjørnafjorden.

Varabrannsjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Walden, fortel at førsteinnsatsen til Bjørnafjorden brann og redning er på staden, saman med styrkar frå Bergen, Kvam og Samnanger. Sivilforsvaret er også på staden.

— Vi er seks personar der, med mannskapsbil og tankbil. Brannvesenet har rekvirert brannhelikopter, som er i gang med sløkkjearbeid.

Ikkje kontroll: Os & Fusaposten får opplyst klokka 15.55 at brannvesenet ikkje har fått kontroll over brannen, og at det brenn mest i undervegetasjonen. — Det er bratt og ulendt terreng. Det er også ekstremt varmt. Det er krevjande arbeid, opplyser varabrannsjef ved Bjørnafjorden brann og redning, Erik Walden.

Kraftlinjer ligg utsett til, og representantar frå BKK er på staden. Det vert opplyst at desse vert “lagt død” og at ein vonar at dei ikkje tek skade.

Den fyrste meldinga om brann kom klokka 13.08. Då melde 110-sentralen på Twitter om brann i terrenget ved Furneset på FV 579 Solbjørgvegen i Samnanger.

Det er meldt om mykje røyk. Omfanget av brannen er ukjent, men det skal førebels ikkje vera hus som er truga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avstanden til bygg er ukjend. Det er heller ikkje meldt at nokon personar er råka av brannen.

Klokka 15.55 fortel Walden at innsatsleiaren på staden nett har vore oppe i helikopteret for å få oversikt, og at dei ikkje har kontroll på brannen.

— Det brenn mest i undervegetasjonen. Det er ein krevjande jobb i bratt og ulendt terreng og ekstremt varmt. Det er også viktig å tenkja logistikk, at mannskapet får i seg nok drikke og vatn.

Oransje farevarsel

Les også
Stor fare: I dag er det gult farevarsel i Vestland. Dette endrar seg dei neste dagane

For få minutt sidan vart skogbrannfaren på Vestlandet heva frå gult til oransje.

Det betyr at vegetasjon svært lett kan antennast og veldig store område kan bli råka.