Brann i bremser på buss
I halv sju-tida i dag tidleg skal det ha oppstått brann i bremser på ein buss i Strøno.
Brannvesenet melder på Twitter at det ikkje skal vera passasjerar om bord i bussen. Vidare skriv dei at sjåføren meiner å ha klart å sløkka brannen. Os brann og redning er på staden for å kontrollera.