Born slepp karantene ved smitte i barnehage eller skule

Oppdatert: Regjeringa har oppdatert pressemeldinga som vart send ut måndag.

Barn slepp karantene når dei er nærkontakt til andre enn dei bur med. Dermed treng dei ikkje gå i karantene ved smitte i skule eller barnehage.

Regjeringa har oppdatert pressemeldinga som vart send ut måndag, med ei rekkje unntak frå smittekarantene, skriv Bergens Tidende.

No slepp mellom anna barn karantene ved smitte i klassen, står det i meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette inneber at det blir gitt unntak for barn for karantene ved nærkontaktar med ein smitta som dei ikkje bur saman med eller er tilsvarande nær.

Dei blir likevel tilrådde å teste seg.

«Det betyr at barn under 18 år berre skal i smittekarantene dersom de er husstandsmedlem eller tilsvarande nær som er smitta. Dei kan testa seg ut med PCR på dag 7, slik som vaksne» skriv regjeringa.

I tillegg gjeld ikkje smittekarantene for følgjande personar:

* Dei som har gjennomgått korona dei siste tre månadene med varigheit frå avisolering til tre månader etter prøvedato.

* Dei som har fått oppfriskingsdose for minimum éi veke sidan. Husstandsmedlemer og tilsvarande nære til den smitta må i tillegg testast dagleg med anten hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test i sju døgn etter nærkontakten