Borgavegen opnar for biltrafikk
Ein pause i anleggsarbeidet gjer at Borgavegen opnar for trafikk i dag.
Utvidinga og sikringa av Borgavegen nærmar seg no ferdig. Det står att fin-grusing, asfaltering og montering av eit betongrekkverk, opplyser kommunen.
Dette arbeidet er avhengig av mildare vêr, og kan difor ikkje utførast før våren.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Grunna dette vert det no ein lengre pause i anleggsarbeida, og vegen vert opna for biltrafikk frå i dag av, opplyser prosjektingeniør Siril Langhelle, som ber om at køyrande er varsame "sidan det framleis er eit anleggsområde, og toppdekket er ujamnt".
Det er sett ut mellombels tung sikring mot Oselvo som vert ståande til nytt rekkverk kan verta montert.