Etter ein konflikt mellom tilsette og leiing, valte fleire foreldre å flytta borna sine til andre barnehagar i Os. No får Borgafjell barnehage nye eigarar.
Etter ein konflikt mellom tilsette og leiing, valte fleire foreldre å flytta borna sine til andre barnehagar i Os. No får Borgafjell barnehage nye eigarar.

Borgafjell barnehage får nye eigarar og nytt namn

Frå 15. mars overtek Eventus drifta av Borgafjell barnehage.

Tysdag ettermiddag fekk foreldre og tilsette ifølgje Bergens Tidende beskjed om at Borgafjell barnehage har fått nye eigarar.

15. mars overtek det bergenske non-profit konsernet Eventus, som styreleiar Kjetil Tuvin Hopen etablerte i 2013, barnehagen. Borgafjell barnehage vert den sjuande barnehagen til Eventus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi meiner barnehagen ligg flott til og har eit stort potensial. Det er fem minutt frå Os sentrum og fleire byggjeplanar i området, deriblant ny skole, seier Hopen til BT.

Eventus Borgafjell barnehage

Borgafjell barnehage hadde ei dramatisk svikt i søkjartalet i fjor, etter at ein konflikt mellom tilsette og leiing førte til at fleire pedagogar sa opp jobbane sine, og ein del foreldre valte å flytta borna sine til andre barnehagar.

No er det 71 born i barnehagen som har plass til 120.

– Det har vore ein auke i talet på born etter at ny styrar starta i august 2018. Eg meiner det er grunnlag for god drift av barnehagen, og har fått eit veldig godt inntrykk av personalet, sier Eventus-sjefen til avisa.

Borgafjell barnehage får ikkje berre nye eigarar 15. mars, men også nytt namn. Frå då av vert barnehagen heitande Eventus Borgafjell barnehage.

Kjetil Tuven Hopen sit i styret til Private Barnehagers Landsforbund. Overfor BT forsikrar han at Borgafjell no vert med i PBL igjen, etter at barnehagen vart meldt ut i fjor.

camilla.kvamme@osogfusa.no