- Bør køyra om Tysse
"Redusert kapasitet grunna farleg last" har det tidvis blitt mykje av på ferjestrekkja Hatvik-Venjaneset. Dette ville Fusa næringslivslag helst vore forutan.
morten holmefjord
morten.holmefjord@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Som «Os og Fusaposten» skreiv om i januar, ønskjer medlem av samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune Atle Kvåle at meir av den farlege vegtransporten skal gå via Tysse til Fusa.
- At ein må bli att på ferjekaien grunna farleg transport - kombinert med tekniske problem - gjer både privatbilistar og næringslivet i kommunen frustrerte. Eg vil invitera næringslivet i Fusa med på ein modell der ein ser på korleis ein kan redusera ulempene. Ein må overtyda transportørane om å la lasta gå over land, seier Kvåle.
20,000 liter
Leiar i Fusa næringslivslag Ivar Hellebø er langt på veg einig.
- Men tidsaspektet er viktig, det kan ikkje diskuterast. Til Fusahalvøya vil det kanskje gå inntil to timar ekstra. Den lasta som går på desse ferjene er den same som før. Enno er det slik at har du 20.000 liter bensin med deg, så kan du ha full ferje ved sida av. Det er ikkje rart at næringslivet lurer på kvifor det har blitt sånn. Med nye ferjer og moderne utstyr vil ein unngå stopp i trafikken - dei nye ferjene har ikkje dei same restriksjonane som dei gamle, slik eg har forstått det, seier Hellebø.
Om Samnanger
Kvåle meiner at problema i Fusa er små samanlikna med det ein slit med i Austevoll eller på ferjestrekkja Tørrvikbygd-Jondal, fordi ein her har eit alternativ via Samnanger. Vegen er open 24 timar i døgeret og er utan bompengar.
- Likevel er altså Hatvik-Venjaneset det ferjesambandet utanom Sandvikvåg-Halhjem som har størst trafikk i ferjefylket Hordaland. Det er store tal det er tale om, så det er klart at alle avbrot merkast, meiner fylkepolitikaren.
App og alternativ
Artikkelen held fram under annonsen.
Med ein app lasta ned frå FosenNamsos sine sider kan ein få oppdatert informasjon om avbrot direkte på mobilen. Hellebø har sjølv denne appen og viser tilfeldige meldingar. I somme periodar har meldingane kome tett som hagl.
I oppdrettsnæringa brukar ein mindre gass enn før, og i næringslivslaget elles er det medlemer som har sagt frå til leverandørar i Bergen at farleg transport skal gå på veg.
- Næringslivet er einige i at ein oppmodar til bruk av vegen om Tysse for å gjera det lettare for passasjerar og anna næringsliv. Men me må ikkje gløyma å jobba fram eit alternativ som er endå betre, meiner Hellebø.
Ikkje før 2017
Ferjedrift i Hordaland er no ute på anbod. Her er det lagt inn nye krav til miljø og tryggleik, men dette vil dei reisande ikkje merka noko til før i 2017.
- Å forandra reglane slik at ein får meir stabil trafikkavvikling, er eit langt lerret å bleika. Dette kan berre stortinget gjera noko med. I mellomtida må me fokusera på det ein kan få gjort. Om fleire reiser om Tysse, vil dette hjelpa på. Alle moner drar, meiner Kvåle.
- Me har eit felles mål om å redusera ulempene så godt som råd, avsluttar Hellebø.