Bør det vera Bjørnefjorden eller Bjørnafjorden?
At arbeidsnamnet til den nye storkommunen er Bjørnefjorden har vakt til live att striden mellom dei to stavemåtane.
- Det heiter jo Bjørnafjorden, uttalte varaordførar Marie Bruarøy då forhandlingsutvala debatterte temaet.
- Dei som bur lenger ned i fjæra enn eg seier Bjørnafjorden, men eg har andre ting å duellera om som er viktigare enn det, sa ordførar i Fusa, Atle Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes repliserte at han hadde gjort ein test å sjekka kva folk seier.
- Det er heilt avhengig av kvar du kjem frå internt i Os. Nokon seier Bjørnafjorden og nokon seier Bjørnefjorden, sa ordføraren.
Kvifor det vart E-varianten
Arbeidsnamnet forhandlingsutvala til slutt landa på var altså Bjørnefjorden. Mannen som har vore prosessleiar, assisisterande rådmann Paul J. Manger, forklarer kvifor dei landa på dette.
- Dette er eit arbeidsnamn, så det er ikkje hogd i stein. Det var viktigare spørsmål enn det på bordet, og me konkluderte med at det ikkje er naudsynt å ha ei endeleg avgjerd på namnet for å kunna fatta vedtak om samanslåing eller ikkje, seier Manger.
- Men ein måtte velja ei form. Og då landa ein på Bjørnefjorden?
- Ja, og det er for å gjera namnet mest mogleg tilgjengeleg. Og så har det vore praksis i Os kommune langt tilbake i tid å skriva Bjørnefjorden, seier Manger.
- Nokon peikar på at Bjørnefjorden også er namnet på ein fjordarm i Solund kommune. Men langs denne fjordarmen bur det ikkje folk, så den heilt store konkurransen namnemessig får ein ikkje derifrå?
- Riktig. I tillegg er det jo svært mange doble stadnamn i Noreg. Også Os kommune finst det jo to av - ein i Hordaland og ein i Østerdalen. Så dette kan ikkje vera styrande i seg sjølv, seier Manger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Professoren
«Os og Fusaposten» valde å ringa til to lokale forfattarar for å høyra deira syn. Snart skulle det visa seg at dei låg på kvar si line. Professor emeritus Nils Georg Brekke har mellom anna gjeve ut bok om Solstrand Hotel & Bad, og vore redaktør for Kulturhistorisk vegbok.
- Der er du inne på eit godt tema. Eg har ikkje noko kvalifisert grunnlag for å gje ein bestemt fasit, seier Brekke.
- Men i Kulturhistorisk vegbok valde du som redaktør å skriva Bjørnefjorden?
- Ja, og det var for å leggja seg på ein språkleg midtnormal, og ikkej på noko arkaisk og dialektprega, seier Brekke.
Ein som skifta syn
Forfattar og tidl. nestleiar i Noregs mållag, Åsmund Lien, har gjeve ut fleire lokalhistoriske bøker. Han har i løpet av si karriere nytta båe variantane. I dag tilrår han Bjørnafjorden av dialektmessige omsyn.
- Etter vanlege nynorske rettskrivingsreglar skulle dei heita Bjørnefjorden. Men då måtte også Hordaland og Rogaland blitt til Hordeland og Rogeland. Så eg nyttar Bjørnafjorden, seier Lien.
- Men i boka di om Osbanen frå 1994 nytta du konsekvent Bjørnefjorden?
- Då følgde eg det som var vanleg rettskriving. Hadde eg skrive boka i dag ville eg nok ha nytta Bjørnafjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva har endra seg på dei 20 åra?
- Eg har nok blitt mindre regeltru. Eg ser at skrivemåten på stadnamn påverkar uttalen. Så dersom me skriv Bjørnefjorden kjem den gamle uttalemåten på fjorden til å forsvinna. Det var det som skjedde med Nordmarkjo. Etter at det kom eit skilt som sa Nordmarka så tok alle til å seia det, seier Lien.
Han legg til at den gamle seiemåten eigentleg er Bjødnafjordn, og hevdar at den stavemåten vert for spesiell.
Kan ein stola på kartet?
Dersom ein berre kunne sjå på kartet og deretter bestemma seg for kva som var rett, ville det vore enkelt. Det offisielle kartet til Sentralt stadnamnregister kallar fjorden mellom dei tre kommunane Fusa, Tysnes og Os for Bjørnafjorden. Men ser ein litt vidare, registrerer ein at det same stadnamnregisteret nyttar arkaiske former som Tyssdal, Syfteland og Løyningdal - former folk ikkje har nytta på lang tid.
- Her har ein truleg gått tilbake til det ein trur var opphavet til namnet, utan at nokon kan hugsa at det har vore sagt på den måten. Bjørnafjorden, derimot, følgjer lokal uttale, seier Lien.
Eit søk i arkiva
I lokalhistoriske bøker og andre bøker om Os, ser ein at det er Bjørnefjorden som har vore den etablerte stavemåten. I Kåre Herdleværs bok om Os kommune er det E-varianten som er nytta, det same gjeld lokalhistoriske bøker skrivne av Oddmund Lunde og Samson Bjørke. Også skjønnlitterære forfattarar som Johannes Heggland og Lars Amund Vaage skriv Bjørnefjorden (eit unntak er Arnfinn Haga). Avisene har tradisjonelt nytta Bjørnefjorden, medan Bjørnafjorden først dukkar opp i aviser i seinare tid.
Eit søk på Nasjonalbibliotekets database syner at det er gjeve ut 210 bøker som nyttar Bjørnafjorden, og 330 bøker som nyttar Bjørnefjorden. Det er tydeleg at Bjørnafjorden er vorte meir utbreitt skriftleg i seinare tid. Før 1960 er Bjørnafjorden omtrent ikkje-eksisterande som stavemåte. Achehougs konversasjonsleksikon nyttar til dømes E-varianten, og det same gjer Gyldendals konversasjonsleksikon frå 1935. Eit viktig unntak er Ossoga til Nils Tveit. Han nyttar konsekvent Bjørnafjorden. Han kallar også Osøyro for Osøyri, så ein endeleg fasit er truleg heller ikkje han.