Bomstasjon på Røykenes
Dei som bur og driv næring lengst nord i Os kommune, som på Røykenes og Nordvik, fryktar at bomstasjonar i området vil gjera det vanskelegare for dei når nye E39 opnar.
Linda Andersen driv Er-An Veikro på Røykenes, og fortel at ho har levd med trusselen om bomstasjon like utanfor kroa i over 20 år.
- Alt frå eg byrja å jobba her i 1992, var det snakk om bomstasjon her, og Statens vegvesen gav meg berre lov til å driva verksemda for to år om gongen, seier Linda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den usikre situasjonen førte til at ho måtte tenkja strategisk for å sikra ei framtidig drift.
- Minst femti prosent av kundane våre kjem frå bysida. Filosofien min har difor vore å gjera tilbodet på vegkroa såpass kjent og kjært, at kundane vil koma enten det kjem bom eller ikkje, smiler ho.
- Trur du mange kjem til å nytta sidevegar for å sleppa avgifta på nye E39?
- Nei, det trur eg ikkje. Dei fleste skal frå ein stad til ein annan, og eg tvilar sterkt på at folk vil køyra omvegen om Os og Vallaheiane (i Bergen kommune), eller over Fanafjellet for å unngå bomstasjonen på nye E39, seier vegkro-verten Linda Andersen.
Fungerer som lokalbutikk
På andre sida av vegen driv Dag Andersen (mannen til Linda) og broren Erling Andersen familieverksemda Er An bensinstasjon.
Begge er overtydde om at det vil ha ein negativ innverknad på drifta dersom det kjem ein bomstasjon på staden.
- Bensinstasjonen funger også som lokalbutikk for folk som bur på Søfteland i sør til Vallaheiane i nord. Me har minst like mange kundar som kjem frå bysida, som frå Os, seier Erling.
- Ein bør ikkje øydeleggja for næringsverksemder eller andre som bur eller ferdast i nærområdet her. Kjem det ein bom her, så bør det også plasserast ein ved Hjellemarka/Hetleflåten, slik at alle blir likt belasta, seier Dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nytteprinsippet er det viktigaste prinsippet i all bompengeinnkrevjing, og det lyder slik: Dei som betalar bompengar, skal ha nytte av vegprosjektet bompengane finansierer. Likeeins må dei som har nytte av prosjektet vera med og betala.
- Om ein skal følgja dette prinsippet, bør det ikkje setjast opp bomstasjon her. Dette blir ein sideveg, og me som bur og driv næring i denne delen av kommunen, har i alle fall lita og inga nytte av nye E39, seier Linda Andersen.
- Hovudregelen skal vera bomfrie sidevegar
I slutten av juni var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) innom Os på E39-reisa si. Etter ein tur over Fanafjelet, stoppa følgjet på Røykenes. Her hadde lokale partitoppar frå Høgre og Frp samla seg for å høyra Solvik-Olsen snakka om regjeringa sin samferdslepolitikk.
Frp er kjent for å vera imot bomstasjonar, men har likevel måtta svelgja ein del "bom-kamelar" etter at dei fekk regjeringsmakt.
På spørsmålet om bompengestasjon på Fanafjellet og Røykenes svara ministeren dette:
- Stortinget har no vedteke ei ny bompengereform, og her vil me prøva ei motsett tilnærming til det å setja opp bomstasjonar på sidevegar: Hovudregelen skal vera å ikkje setja opp stasjonar.
Han meinte at bomstasjonar på sidevegar kan laga ein økonomisk mur mellom naboar, og stengja folk ute frå sitt naturlege nærområde.
- Etter å ha køyrt over Fanafjellet, skal ein vera svært glad i svingete, smale vegar for å nytta ein slik sideveg, sa han på møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Røykenes får bomstasjon
Lokalavisa spør Frp-politikar og leiar i samferdslekomiteen i Hordaland, Gustav Bahus, om han veit noko meir om bomstasjonar i Nordvika og på Røykenes.
- Ja, i gjeldande stortingsproposisjon legg ein opp til at det i alle høve kjem bomstasjon på Røykenes. Men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil jobba for å finna ei god lokal løysing på dette.
- Kva betyr det?
- Det veit me ikkje enno, men det kan til dømes bli ei ordning med at dei som bur i området (Søfteland-Vallaheiane) får fritak dei første par åra, til ein får eit oversyn over trafikkmengda på gamle E39.
- Me er opptekne av at dei som bur i området ikkje skal bli urettferdig behandla. Solvik-Olsen har lova å gjera det han kan for å stoppa planen om bomstasjon i Nordvika. Men på Røykenes er eg redd det kjem ein stasjon uansett, seier Bahus.
Brot på nytteprinsippet
I eit brev (datert 10.10.2014) til Transport- og kommunikasjonskomiteen, skriv Norges Automobil-Forbund (NAF) at bompengeinnkrevjing på eksisterande E39 ved Røykenes/Bahus, er eit klart brot både på nytteprinsippet og regelen om at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet. Berre omsynet til miljø- og trafikktryggleik kan vera eit slik unntak.
Ifølgje NAF er nytteprinsippet det viktigaste prinsippet for å kunna krevja inn bompengar. Skal ein få ein viss aksept for denne finansieringsforma hos trafikantane, må ein også halda seg til dette prinsippet.
I brevet peikar NAF på at definisjonen av kva som kan reknast som nytte, vert strekt altfor langt i gjeldande proposisjon ved å hevda at trafikantane på eksisterande E39 får nytte gjennom betre trafikktryggleik og betre miljø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med andre ord: Ei vegstrekning som får redusert trafikk, vert av departementet rekna som godt nok i seg sjølv til at nytteprinsippet er oppfylt.
Med sine 500.000 medlemmer, er Norges Automobil-Forbund (NAF) Noregs største forbrukar- og interesseorganisasjon.