Held vakt: Sindre Hallem frå politiet held vakt medan undersøkingane pågår.

Bombegruppa varsla etter funn av gjenstand i Os

Politiet har sperra av området kring ein privat hage.

Klokka 22.08 melder politiet på Twitter at dei er på staden i samband med funn av ein ukjend gjenstand i ein privat hage.

Politiet har sperra av området. Per no er det ikkje grunn til evakuering av bebuarar i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvaret og bombegruppa er varsla for bistand til å identifisera gjenstanden.

BT skriv at uttrykkinga kjem som følgje av at Lene Angelica Stensen som bur i Særvollsvegen, tidlegare måndag la ut eit innlegg på Facebook-gruppa «Hjelp til alt mulig», der ho lurer på kva det er ho har funne i nærleiken av huset sitt.

– Eg har fått mange tilbakemeldinger frå folk som er uroa. Dei mente at det kunne sjå ut som ei landmine. Eg tok difor kontakt med politiet, seier Stensen til avisa.

Ho og familien er no bedne om å evakuera til andre sida av huset.