Bodil og Sissel: - Fantastisk inspirerande
Deltakarane på Os Næringsråd si første samling skrytte av både foredrag og fellesskap mellom næringsaktørar.
Med kring 70 til stades var styreleiar for Os Næringsråd, Kjetil Bruarøy, godt nøgd med frammøtet måndag morgon. Sentralt i næringsrådets første samling stod motivator Trond Haukedal. Han snakka til næringslivstoppane om korleis dei må gå fram for å motivera sine tilsette. Han sa mellom anna at ein ikkje må fokusera på betringspotensialet heile tida, men på det positive som kvar tilsett har i seg.
- Når kvar tilsett på den måten har ei indre kjensle av å vera verdfull og god nok, vil gode prestasjonar koma som ein naturleg konsekvens, meinte Haukedal, som krydra førdraget med gode historiar frå sitt allsidige yrkesliv. Han hadde også med seg to bøker han er forfattar av; «Høysensitiv» og «Solstråleboken», som båe selde som hakka møkk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførarens kvarter
Ordførar Terje Søviknes fortalde om siste nytt frå kommunen. Han fortalde at grunnarbeidet i Os sentrum skal vera ferdig i juni, deretter kjem nytt dekke, planting av grønt, belysning og glas-baldakiner over fortaua til hausten.
Når det gjeld bølgjedemparane som skal temja fjorden utanfor Os hamn, har prosjektavdelinga måtta ta eitt steg tilbake.
- Dei to tilboda som kom inn i anbodskonkurransen viste seg å ikkje vera i tråd med det me ønskte oss. Så no vil me sjølve stå for prosjekteringa, og deretter gå ut i marknaden. Me vil også køyra eit modellforsøk, for å vera hundre prosent sikre på at det me går for vil virka, sa Søviknes.
- Det er i det heile kjekt å jobba i Os kommune for tida. Faktisk er det så kjekt at rådmannen no vurderer å forlengja sitt engasjement for oss (Knut Terje Rekve når eigentleg pensjonsalder i år, journ. mrk.). Eg prøver å overtyda han om å bli med vidare, men då spørst det om eg må ty til indre motivasjon, sa ordføraren til humring frå salen.
Godt nøgde deltakarar
Etter føredraget var det påsmurde rundstykke i Oseana Kafé & Restaurant. Me hamna på bord i lag med Visma Services (dei som held til i Irisgården), som hadde to utsende på næringsfrukosten. Rekneskapsfirmaet har sju tilsette i Os.
- Eg opplevde at han hadde ein energi og eit humør som smitta over på meg som tilhøyrar, seier dagleg leiar Bodil Dale. - Bodskapen om at den viktigaste ressursen i verksemda er menneska som jobbar der, er verkeleg viktig å hugsa på. Dette kjem eg til å ta opp på første personalmøte, smiler Dale.
-Mykje av det han sa gjeld på andre arenaer av livet også - ikkje berre på arbeidsplassen - men også i møte med familie og vener, seier Sissel Pedersen.
Neste ordinære samling vert i september, men før det skipar Næringsrådet til cruise på Bjørnefjorden med M/S Midthordland der det blir sosialt samvær, mat og levande musikk torsdag 25. juni.