Eli Skeie og Marianne Holmefjord i Os Blomsterservice er glade for samarbeidet med Lilleballong AS.
Eli Skeie og Marianne Holmefjord i Os Blomsterservice er glade for samarbeidet med Lilleballong AS.

Blomar og ballongar, hand i hand

Os Blomsterservice og Lilleballong har inngått ein samarbeidsavtale som dei meiner vil gje nyante moglegheiter innanfor dekorasjonar.

Frilans: Mari Harju Skeie

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeidet mellom ballongbutikken ved Byvegen og blomsterbutikken i Os sentrum starta med ein tilfeldig samtale i slutten av feburar. Etter kvart fann eigarane av dei to bedriftene ut at dette kanskje var ein spire av ein ide som dei burde gjera alvor av.

- Vi er ikkje ein konkurrent til blomsterbutikken, men vi jobbar litt i same marknad. Dermed fann me ut at vi kunne dra nytte av- og framheva kvarandre, seier Henning Heimdal i Lilleballong AS.

Større variasjon

- Samarbeidet er nett byrja, men det verkar spennande, fortel dagleg leiar i Os Blomsterservice Eli Skeie.

Blomer og ballongar, hand i hand.
Blomer og ballongar, hand i hand.

- Dette er noko kjekt og nytt i blomeverda, legg ho til.

Skeie meiner at samarbeidet gjev blomsterbutikken moglegheit til større variasjon når dei skal laga bukettar. I tillegg til sjokoladar, interiørartiklar, lys og godteri, kan dei no spe på med ballong-dekorasjonar.

- Eg håpar at det blir ein populær kombinasjon med blomar og ballongar, seier Skeie.