Blodspor ved rådhuset
Politiet undersøkjer større blodpøl og ferske blodflekker rundt rådhuset i dag tidleg.
Ifølgje ein politimann på staden fekk dei meldinga rundt kl 7.45 i dag tidleg.
– Me veit ikkje kva som har skjedd. Det einaste me veit no er at nokon har etterlate seg nokre blodflekker ved rådhuset, sa politimannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei hadde tre politibetjentar på staden som alle undersøkte flekkene. Den største blodpølen var like ved inngangsdøra på baksida av rådhuset, og elles var det sporadiske flekker ut mot hovudgata.
I retning kafé Engeline
Etter å ha følgt sporet kan politiet konstatera at dei fører forbi Jokerbutikken og vidare over Brugata og stoppar like utanfor Rice kinarestaurant.
– Er politiet på jakt etter ein person som er skadd?
– Me har ikkje fått melding om at nokon skade utover spora, seier vakthavande befal.
Tilsette på rådhuset har uttrykt ønske om å få vaska fortauet utanfor rådhuset, men politiet har bede dei om å venta ei stund til.
SAKA BLIR OPPDATERT.
ol@osogfusa.no