– Blodprøve utført, sak oppretta og førarkort beslaglagt
I natt gjennomførte politiet promillekontroll på Søfteland.
Det er Vest politidistrikt som opplyser om kontrollen. På X (tidlegare Twitter) skriv dei at ein lokal politipatrulje gjennomførte kontrollen.
– Ein mannlig førar i 20-åra gjorde utslag på alkometer. Blodprøve utført, sak oppretta og førarkort beslaglagt, skriv Vest politidistrikt.