Blir sikta for drapsforsøk
Mannen i 20-åra som knivstakk ein kollega på Compact i går, vert sikta for drapsforsøk.
Politiet har jobba med saka både i går ettermidddag, kveld og held fram etterforskinga i dag.
Rune Fimreite ved politiet stadfestar at gjerningsmannen vil bli sikta for drapsforsøk. Målet er å få han framstilt for varetektsfengsling i morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen i 20-åra er ingen kjenning av politiet, og dei er ikkje kjende med at det har vore noko konflikt mellom gjerningsmannen og den 44 år gamle kvinna. Begge er norske, men ingen av dei bur i Os.
Vidare etterforsking tek sikte på å avklara meir kring hendingsforløpet, og Fimreite vil ikkje seia noko meir før dei er ferdige med vitneavhøyr.