Jon Sivert Rykkel i fullt firsprang på idrettsbanen ved Kuventræ. (Arkiv
Jon Sivert Rykkel i fullt firsprang på idrettsbanen ved Kuventræ. (Arkiv

- Blir eitt av dei beste idrettsanlegga i fylket

- No har me verkeleg sjansen til å skapa noko unikt. Det blir eit enormt løft for innbyggjarane, sa Jon Sivert Rykkel då kommunestyret vedtok plan for sentralidrettsanlegget.

Etter at plan- og bygningsutvalet i slutten av oktober løyste dei siste flokane knytt tilplanen for sentralidrettsanlegget, låg alt klart for at kommunestyret kunne gjera det endelege vedtaket tysdag kveld. Det gjev grunnlaget for bygging av ny dobbelt idrettshall på Kuventræ.

Hall til truleg 60 mill. kroner

Før på kvelden hadde Tor Inge Døsen oppsummert innhaldet i Idrettsparken (med både gamalt og nytt) på følgjande vis når han står ferdig i 2017/2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

* 2 Kunstgrasbanar - Os Turnforening.

* 1 Kunstgrasbane - Os kommune

* 1 komplett friidrettsarena klasse # med seks løpebanar og eige kastefelt

* Os idrettshall av 1982

* Osbadet av 2006 med solstudio og treningssenter

* Ny dobbel idrettshall.

- Med parkeringskjellar under den nye hallen kjem me truleg opp i ein pris på 60 mill. kroner. (den vedtekne ramma er på 40 mill.)

Anbodet ligg ute på DOFFIN i desse dagar, og det er venta at det kjem inn prisar 12. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein siste floke løyser seg

Men det gjensto ein siste floke, sidan omlegging av vegen vil krevja at ein tek noko av landet til Olav Botnevik. Terje Søviknes orienterte om at det hadde vore eit møte med bonden på Kuven same dag. I tillegg til at Botnevik får eit erstatningsareal i staden samt ulempekompensasjon, hadde Botnevik også sett krav om at kommunestyret gjentek ein lovnad frå 1962. Den gjekk ut på at garden på Kuven også i framtida skal forbli landbruksområde.

Gladsakministeren får ordet

- Normalt er rolla som gladsakminister delegert til Eirik Andre Hesthamar, men i dag greier eg ikkje å halda meg. For dette er ein milepåle. Me har kome eit stort steg vidare for å realisera det anlegget me har hatt lyst på, sa Jon Sivert Rykkel (V).

Han sa at anlegget blir eit av dei beste i fylket når det er komplett. Den doble idrettshallen vil gje 5.000 innbyggjarar per speleflate.

- Me har her verkeleg sjansen til å skapa noko unikt i samarbeid med friidretten og Osbadet. Det blir eit enormt løft for innbyggjarane. No må me setja oss ned å sjå på heilskapen, og finna den aller beste utforminga av idrettshallen, sa Rykkel.

- Stolte over kva me har fått til saman

Også Gustav Bahus (Frp) ville skryta av sine politiske kollegaer, men også til Olav Botnevik.

- Me skuldar Botnevik ein takk for at han har inngått denne avtalen med kommunen. Eg er fødd og oppvaksen på Kuventræ. Eg har høyrt snakk om dette sentralidrettsanlegget sidan eg blei fødd i 1958. Og sjølv om eg ikkje er noko idrettsmenneske, har eg då sett Os i 1. divisjon. Og etter det me har sett i det siste, kan me vona på at me er på veg tilbake att dit. Ja, dette er ein merkedag. Eg er stolt over det me har fått til saman, sa Bahus.

Deretter gjekk kommunestyret samrøystes med på lovnaden til Botnevik, og til planen for sentralidrettsanlegget som sådann.