Tysdag 23. juni gjekk turen til Vinnesholmen der dei framandspråklege fekk vera husmann for ein dag. Foto Ibrahim Satouf.
Tysdag 23. juni gjekk turen til Vinnesholmen der dei framandspråklege fekk vera husmann for ein dag. Foto Ibrahim Satouf.

Bli-kjend-med- Fusa!

I to veker har flyktningar og andre frå vaksenopplæringa vore på rundtur i kommunen dei har slått seg ned i. - Dei veit sannsynlegvis meir om Fusa enn fusingar flest, trur kulturleiar Erik Vangsnes.

Morten Holmefjord

Vangsnes sit saman med flyktningekoordinator Sarifa Moola-Nernæs og leiar i Fusa frivilligsentral Bodil Samnøy i fritidsaktivitetsgruppa. Dei har teke initiativet til og planlagt "Bli-kjent-med-Fusavekene". Det har vore 10 dagar med nærings- og kulturliv. Frå Holsund i nord til Lygrepollen i sør, Eide i aust til Vinnesholmen i vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er interessant å høyra kva tankar dei gjer seg om det dei har sett. På den eine sida er Fusa høgteknologisk med bedrifter som Framo Fusa AS og smoltproduksjon i Sævareid. På den andre sida har du tønneproduksjon og baking av lefser på takke. I jordbruket er det både store, moderne fellesfjøs og småbruk med ysteri og hagebruk. Det er spesielt i denne tradisjonskulturen dei ser likskapstrekk med sin eigen bakgrunn. Og det er heller ikkje så svært lenge sidan kvinner måtte gå med skaut og kvart kjønn sat på kvar si side av midtgongen i kyrkja, fortel Vangsnes.

Les meir:Vellukka integreringstiltak manglar midlar

Koplar saman

Til no har fritidsaktivitets-gruppa stått bak Internasjonal kafé som det skal bli meir av til hausten. Kontakt mellom nordmenn og flyktningar er også blitt etablert med ideen besøksvenn. Her har det meldt seg 14-15 interesserte personar.

Mjølkerampen i sansehagen på Fusa bu- og behandlingssenter var ein av postane.
Mjølkerampen i sansehagen på Fusa bu- og behandlingssenter var ein av postane.
Skal ein hoppa i det eller ikkje? Her prøver dei utsikta frå stupebrett på Peraneset på Fusa.
Skal ein hoppa i det eller ikkje? Her prøver dei utsikta frå stupebrett på Peraneset på Fusa.
Frå omvisinga i Fusa kyrkje der det var høve til å tenna lys.
Frå omvisinga i Fusa kyrkje der det var høve til å tenna lys.
Samnøy)
Samnøy)

- Her har det meldt seg folk i ulike aldrar - pensjonistar, ungdomar, unge familiar og familiar med vaksne born. Me er no i gang med å kopla saman og sjå kven som kunne passa saman. For at ansvaret ikkje skal opplevast for stort, vel me å kopla saman ein flykningefamilie med to norske familiar, fortel Samnøy.

Omfattande program

Programmet for dei to Bli-kjend-med-Fusa-vekene, har vore omfattande og variert.

Besøk på Fusa bu- og behandlingssenter, husmann for ein dag på Vinnesholmen, omvisning på Frank Mohn Fusa, kurs i førstehjelp på brannstasjonen i Eikelandsosen, synfaring og orientering i fellesfjøs i Vik, omvising hos L. Hjertnes AS, dansketida i Fusa (Engevik Gard), Hålandsdalen leirskole, omvising på Vestlandske limtre og orientering på Fusa vidaregåande skule er berre noko av det flyktningane har fått teke del i.

Optimistisk og lysare

Ein viktig del av opplegget har vore å visa kva arbeid og mogelegheiter som finst i kommunen.

- Ein av tankane bak er at dei skal få litt meir forståing for kor dei bur - og at dei ikkje er åleine. Nokon vel å bli buande, andre kjem til å flytta. Dette er det ikkje noko negativt med - det tyder berre at dei er blitt sjølvstendige. Det siste me vil er at dei skal bli verande og "nava", seier Moola-Nernæs.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Flyktningane er no i introduksjonsprogrammet med fokus på språk, og har kanskje ikkje sett for seg kva liv som ventar på "den andre sida". Tilbakemeldingane me har fått er uansett at mange er meir optimistiske og ser lysare på framtida enn før etter desse vekene, seier Vangsnes.

Han nyttar samstundes høvet til å retta ein stor takk til alle frivillige som har hjelpt til desse to vekene og til alle bedriftene og institusjonane som har vore med i opplegget.

Det har til no kome 12 flyktningar til Fusa. I august kjem det ein firebarnsfamilie og litt seinare eit eldre ektepar.