BLACK WEEK: Slår på stortromma
Elkjøp Os gjer ekstra mykje ut av den amerikanske tradisjonen - Black Friday.
Medan andre butikkar køyrer stortilbud på Black Friday, som er komande fredag, startar Elkjøp "galskapen" alt måndag.
- Me køyrer Black Friday kvar dag, eller Black Week som det heiter, seier Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gøymde seg på kontoret
Då Os og Fusaposten vitja AMFI-senteret torsdag for å laga sak om Black Friday (sjå faktaboks), var Elkjøp tilfeldigvis siste butikk me vitja. Butikksjefen hadde fått nyss i at me kom innom og det kunne sjå ut til at han hadde gøymt seg på kontoret.
- Eg har vore i kontakt med kommunikasjonsansvarleg for Elkjøp, for eg var usikker på kva eg hadde lov til å seia. No er de den første avisa i landet som får dette nyhendet, seier Johannessen.
Tilboda er førebels hemmelege
Akkurat kva som kjem på tilbod dei ulike dagane, kan han ikkje gå ut med i skrivande stund,
- Men dette er ein fin måte å starta julehandelen på. Det er kjekt å kunne gjera noko ekstra stort. Me har ofte tilbod, men ikkje noko liknande dette, seier Johannessen.
Det blir vanleg opningstid heile veka, men fredag opnar dei tidleg, saman med resten av butikkane på AMFI-senteret.
Tilbod på nesten alt
Elkjøp er ein av butikkane som etter kvart har gjort Black Friday til ein tradisjon også i Noreg.
- Me har gjort stunt kring Black Friday i fleire år. I fjor var første året me verkeleg satsa, og det merka me også på salet. Fredagen blei faktisk omtrent like god som dei siste dagane før jul, seier Johannessen.
No skal dei ha fem slike dagar for å markera starten på julehandelen, og butikksjefen garanterer noko for ein kvar smak.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så godt som alt i butikken kjem til å koma på tilbod i løpet av veka, seier han.
Black Friday er dagen etter Thanksgiving, og ein stor handledag i USA og Canada.
Dagen markerer starten på julehandelen. Utsalsstader, i alle fall i USA og Canada, opnar så tidleg som klokka tre om natt. Det vert tilbode ei rekkje salsvarer, ofte i eit begrensa tal eller tidsrom.
Enkelte stader er tilboda så utrulege at folk går bananas. Det er òg nettstader som har statistikk over kor mange som etter sigande har dødd eller blitt såra i samband med Black Friday.
I følgje wikipedia blei shoppingfenomenet Black Friday brukt for første gong i Noreg i 2009, då Norwegian Outlet på Vestby introduserte handledagen.