Fram til sommaren vert det planlegging for høstens "kick-off" der hovudarrangementet blir ein matfestival/matfest med 100% fokus på lokal produksjon i regionen.
Fram til sommaren vert det planlegging for høstens "kick-off" der hovudarrangementet blir ein matfestival/matfest med 100% fokus på lokal produksjon i regionen.

Bjørnefjorden matkultur får 150.000 - planlegg festival i oktober

Mobiliseringa av matkultur og matprodusentar i Bjørnefjorden-området er tildelt 150.000 kroner frå Hordaland fylkeskommune.

Målet er å løfta interessa og aktiviteten

rundt mat og matproduksjon i Bjørnefjord-regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møteplass for næringa

Det er næringssjef Daniel Skotheim i Os kommune som leier prosjektet, medan prosjektgruppa er sett saman av kommunale aktørar saman med representantar frå næringa. Landbrukssjefen i Bjørnefjorden, Øystein Svalheim, og matattaché hos Fylkesmannen, Gunnar Nagell Dahl, er mellom dei som er med og driv prosjektet fram.

Arbeidet tek mål av seg å skapa ein møteplass for næringa, med ønske om å byggja vidare på grunntanken i UNESCO sitt internasjonale nettverk for kreative byar (UNESCO Creative City Network), og løfta ein tydeleg matkultur i regionen.

Mange planar

Ein ynskjer å arrangera både matfestival, lokalmatmarknader og kurs for privatpersonar i lag med lokale bidragsytarar som kommune, sentrumsforeiningar og andre interesseorganisasjonar.

Januar startar med mobilisering av næringa med deltakarar frå prosjektgruppa, med hovudvekt på produsentane i næringa.

I februar og mars ventar etter planen oppfølgingsmøte der foredlarar og serveringsstader vert tekne meir inn i prosjektet.

Matfestival

Fram til sommaren vert det planlegging for høstens "kick-off" der hovudarrangementet blir ein matfestival/matfest med 100% fokus på lokal produksjon i regionen. Denne kjem etter planen i oktober.

Utover hausten held mobiliseringa av samarbeidspartnarar fram og planlegging av leveransar til matfestivalen. I denne perioden er det også eit ønske å gjennomføra kurs for ålmenta, med produsentar i regionen som kurshaldarar.