Bjørnafjorden Næringsråd tek over drifta av gründerparken
Skreiv under avtale måndag.
– I dag skreiv vi i Bjørnafjorden Næringsråd under på samarbeidsavtale med Bjørnafjorden kommune ved næringssjef Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth. Som ein del av samarbeidet overtar vi drifta av Bjørnefjorden Gründerpark, både i Eikelandsosen og i Os, opplyser næringsrådet på Facebook.
– Vi ser frem til godt samarbeid, og å jobba vidare med å løfta frem gründerane i kommunen vår - og kopla dei med etablert næringsliv, skriv dei vidare.