Posisjonen fekk fleirtal for budsjettframlegget
Etter ei lang drøfting, vart budsjettet vedteke i kommunestyret tysdag ettermiddag.
Posisjonen fekk fleirtal for sitt framlegg til budsjett under avstemminga tysdag ettermiddag. Framlegget var noko endra sidan avstemminga i formannskapet.
Framlegget til posisjonen fekk 18 røyster (8 Ap, 4 Sp, 3 MDG 1 KrF, 2 uavhengige (Harald Lekven og Magne Djuvik)).
Artikkelen held fram under annonsen.
Opposisjonen sitt framlegg til vedtak fekk 16 røyster (11 Frp og 5 H).
SV sitt forslag fekk éi røyst. Det same gjorde Magne Djuvik sitt.
Me kjem attende med meir frå debatten.