Bjørnafjorden innfører forsterka smittevernsreglar i morgon. Får same munnbind-reglar som Bergen.
Dei nye forskriftene vert innført for å få vera mest mogleg i tråd med nabokommunane.
Bjørnafjorden kommune jobbar med nye tiltak for å få bukt med smitteutviklinga lokalt og regionalt, etter at Bergen kommune vedtok nye lokale tiltak i dag, torsdag 9. desember.
Det melder kommunen på si heimeside.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er behov for størst mogleg grad av felles tiltak i heile bergensregionen. Vi i Bjørnafjorden og dei andre omeignskommunane må gjera sjølvstendige vurderingar av kva som gir best mogleg effekt på smittesituasjonen, utan at vi samstundes lammar allereie hardt pressa tenester, seier ordførar Trine Lindborg.
Ho fortel at det vert jobba utover kvelden og morgondagen med «å finne så gode og målretta løysingar som mogleg for både innbyggarane, dei tilsette og tenestene våre, i tett samarbeid med politisk og administrativ leiing og kommuneoverlegane i omegnskommunane våre.»
Nye lokale tiltak vil bli forskriftsfesta og klare i løpet av fredag ettermiddag.
Forskrifta vil mellom anna innehalde påbod om munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand. I tillegg vurderer vi å innføra karanteneplikt for husstandsmedlemer og nærkontaktar, opplyser ordførar Lindborg.