Bjørnafjorden hotell konkurs
Bjørnafjorden hotell er konkurs. Det går fram av ei kunngjering i Brønnøysundregistrene.
Ifølgje kunngjeringa vart selskapet IJT AS, som driv Bjørnafjorden hotell, begjært konkurs 27. mai.
I 2016 vart Bjørnefjorden Gjestetun, som det heitte den gongen, selt til Bybo AS. Eigedomsaktøren ønskjer å byggja bustader på tomta. I påvente av ei eventuell utbygging, har tilsette ved hotellet hatt ansvaret for drifta sidan 2017 gjennom selskapet IJT AS.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os & Fusaposten har søkt å koma i kontakt med dagleg leiar og styreleiar for Bjørnafjorden hotell og IJT AS, Iselin Marie Borge, utan å lukkast.
I midten av mars vart Bjørnafjorden hotell tvungen til å stengja dørene som følgje av utbrotet av koronaviruset.
– Vi opplever stor nedgang i framtidige bestillingar. I tillegg er 90 % av arrangementa vi har jobba med, per i dag kansellerte, uttalte Borge den gongen.