Bjeffing gav politiutrykning
Naboane hadde fått nok av dei gøyande hundane, og ringde politiet.
Det var i morgontimane tysdag at politiet fekk melding om at fleire hundar i ein hundegård ein stad i Os laga litt av eit leven.
- Me reiste til adressa og fekk kontakta eigaren. Eigaren sørgde for at hundane roa seg ned, og dermed var problemet løyst, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.