Tom Arne Olsen i Bjånes Fjordboliger var i Moldadalen for å visa politikarane i Plan- og bygningsutvalet rundt.
Tom Arne Olsen i Bjånes Fjordboliger var i Moldadalen for å visa politikarane i Plan- og bygningsutvalet rundt.

Bjånesplanen og den ukjende gangstien

Medan politikarane var på synfaring på det som skal bli første byggjefelt på Bjånes, tok Gustav Bahus (Frp) til orde for å gjera om den alt eksisterande stien under Hatvikvegen til gangveg for fotgjengarar.

 

Øystein Lid

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no

Då politikarane kom til Bjånes torsdag føremiddag for å sjå på første byggjetrinn i Bjånesplanen, vart dei møtt av ein del naboar som hadde innvendingar mot planen. Dette var mellom anna Inger Marie (Mia) Fimreite, Terje Eltvik, Reidar Døskeland og Steffen Stamnes.

Dei tok opp att problemet med å gje dispensasjon til Bjånes Fjordboliger om å byggja 200 bustader før ein skikkeleg gang- og sykkelsti til Bjåneskrysset er på plass.

Under Hatvikvegen går det ein sti som med små grep kan gjerast om til gangveg for skuleborn, seier Gustav Bahus (Frp).
Under Hatvikvegen går det ein sti som med små grep kan gjerast om til gangveg for skuleborn, seier Gustav Bahus (Frp).

Bjånesdiskusjon

Tom Arne Olsen representerte utbyggjaren, og sa at dersom dei ikkje hadde fått lov å gå i gang med Midtbøvegen som midlertidig gang- og sykkelsti, ville heile "Bjånesprosjektet gått i dass".

- Å la ein bråte med ungar gå langs Midtbøvegen vil uansett vera risikabelt. Eg trur det er ein fare for at den løysinga vert permanent, sa Reidar Døskeland.

Tom Arne Olsen sa at i løpet av ein toårsperiode kan det vera mogleg å ha den nye bilvegen med gang- og sykkelsti til Grovskaråsen på plass. Denne vil i så fall kunna tena dei nye familiane på Bjånes. I tillegg har dei gjeve 20 mill. kroner til Os kommune til gang- og sykkelsti langs Hatvikvegen.

- I mellomtida vil Midtbøvegen bli oppgradert i samarbeid med Os kommune som gang- og sykkelsti, sa Olsen.

Inga Marie Fimreite og Terje Eltvik bur på oppsida av Hatvikvegen, og fortalte om deira liv langs ein stadig meir trafikkfarleg ferjeveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Folk køyrer i 100 for å nå ferja. Skal det koma tungtrafikk inn på vegen utløyst av Bjånes-utbygginga vil problemet bli endå verre, sa Fimreite.

Gustav Bahus får ein idé

Det var då Gustav Bahus (Frp) løfta fram sin idé.

- Det går ein gamal sti under Hatvikvegen der vegen går over ei bru (ved Bøtre, der Bøvegen tar av frå Hatvikvegen). Med små grep, litt grus og kanskje litt asfalt, kunne den vore teke i bruk for fotgjengarar som treng ein trygg måte å kryssa vegen. Det ville vore ei god greie for nærmiljøet.

- Kanskje ein halv million av dei 20 kunne vore brukt på det? spurde Fimreite.

Under sakshandsaminga i møtet heldt diskusjonen fram. Harald Døsen (Ap) las høgt frå «Os og Fusaposten» kva Gustav Bahus hadde lova om gang- og sykkelveg, og kva han no seier etter at utbyggjar "trugar" med å trekkja seg ut om dei ikkje får gå i gang.

- Kven er det som eigentleg styrer i Os-bygda? Er det politikarane eller er det utbyggjarane, spurde Døsen.

- Det eg synest er trist i denne saka er at folk bruker alle slags vikarierande argument. Eigentleg har dei ein skjult agenda. Dei vil ikkje ha utbygging på Bjånes. Det er det alt botnar i, sa Bahus.

- Då høyrde du ikkje etter kva eg sa. Arbeidarpartiet er positive til utbyggigng på Bjånes, men ikkje til å gå i gang utan trygg gang- og sykkelsti for mjuke trafikantar, sa Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gustav Bahus gjentok idéen sin om å etablera undergang under Hatvikvegen.

- Med veldig små midlar går det an å gjera det til eit skikkeleg samband som kan gå heilt ned til Midtbøvegen, sa Bahus.

- Bør me ta undergangen inn som ein del av føresegnene, spurde Torill Keys (Ap).

- Det høyrer ikkje med i denne saka. Men Hatvikvegen skal opp til handsaming i kommunestyret seinare i haust, sa Bahus.

Terje Sperrevik (TvS) var litt lunken til idéen.

- Eg er litt uroa over at ein tek til å hoppa og springa her utan å ha snakka med grunneigarane. Ein bør først sjå på om det er mogleg å få til, og i alle fall snakka med folk. Her må ein gå seint fram, sa Sperrevik.

Barnehagetomta

Deretter vart det diskutert kor den nye barnehagen inne på Bjånes skal plasserast. Utbyggjar legg opp til å flytta han frå Moldegaard-området til nedom Grovskaråsen.

- Barnehagen skal vera for dei nye bebuarane på Bjånes. Med 1.200 bustader (truleg 4.000 innbyggjarar), vil det vera naudsynt å ha ei sentral plassering av barnehagen midt i feltet, sa Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har vore litt usikre. Det er fint å ha ein naturnær barnehage på Bjånes, men samtidig er det truleg betre solforhold på Moldegaard, meinte Harald Døsen (Ap).

5 for, 4 mot

Dei to detaljreguleringane for første byggjetrinn av Bjånesplanen vart deretter banka gjennom, mot Ap, Sp og TvS sine fire røyster. Sakene kjem opp att til endeleg handsaming i kommunestyret i slutten av september. Tom Arne Olsen opplyser at dersom alt går bra, kan spaden vera i jorda til neste år.

SLIK ER DET Å KRYSSA UNDER HATVIKVEGEN I DAG: