BIR ser deg: Bilvrak, bildelar og anna skrot på vidvanke i naturen
Som oftast klarer BIR å spora opp bilvrakeigarar utan nemneverdige problem. - Så om nokon har sett frå seg eit bilvrak, kan dei like godt fjerna det med ein gong, så slepp vi å kontakta dei.
Det seier kommunikasjonsrådgjevar Tine Skudal i BIR, som har fått delegert det kommunale ansvaret for forureinings- og forsøplingsaker i Os og Fusa og skal sørga for at det blir rydda opp der det er nødvendig.
Etter flyfotoanalyse har rådgjevar i BIR, Zbigniew Nieznalski, vore fleire orienteringsturar og sett etter forsøpling som bør fjernast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Luftfotoanalyse, orienteringsturar og ikkje minst tips frå innbyggjarane har avdekka fleire stader med forsøpling. Det er ein del bilvrak og bildelar på vidvanke i naturen og på vegar, og ein del grovavfall, som møblar, som er dumpa, seier Skudal, som oppmodar osingar og fusingar til å ta kontakt om dei kjem over forsøpling.
- Ofte er det nok at vi kontaktar grunneigar, som har ansvaret for å rydda opp, og seia at det er viktig å få rydda vekk forsøplinga. Mange har alt ein plan om å rydda, og treng berre ei lita påminning for å setja i gang med jobben.
BIR har vore på 33 befaringar etter tips i Fusa. 18 av desse har enda med pålegg om opprydding. I Os har dei vore på tokt 29 gonger etter tips, og gjeve 15 pålegg om å fjerna søppelet.
jostein@osogfusa.no