Singelulukke: Ingen andre bilar eller personar skal ha vore involvert i ulukka.

Bilulukke på FV48: Mistenkjer ruskøyring

Ein bil med ein mann i var involvert i ei bilulukke kl 12.12 i dag.

Like over klokka 13 melde politiet om ei trafikkulukke på FV48 like før innkøyringa til Moshovdatunnelen.

Brannvesenet skal ha blitt varsla fyrst om hendinga, og alle naudetatar rykte ut til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den mannlege føraren i 30-åra skal ikkje vore fysisk skadd, og ingen andre personar var involvert i ulukka. Bilen hans stod midt i vegen.

Politiet mistenkjer ruskøyring, og mannen vart teken med til legevakta i Eikelandsosen for blodprøvetaking.

Det var fyrst ein del kø på staden, og politiet dirigerte trafikken. Dei har også gjort åstadsundersøkingar på staden.

Klokka 13.30 vart bilen henta av bilbergar. Trafikken går no som normalt.

Operasjonsleiar Stine Mjelde i politiet fortel at det truleg vil bli teke avhøyr av føraren seinare i dag. Det kan og bli aktuelt å snakka med eventuelle andre vitne.

Ho opplyser at mannen ikkje er heimehøyrande i Bjørnafjorden.