Biluhell og høg musikk
Eit mindre biluhell i Lepsøykrysset og høg musikk som forstyrra nattefrededen, var det einaste politiet fekk å hanskast med det siste døgnet.
Klokka 16.16 i går fekk politiet melding om eit biluhell i Lepsøykrysset.
- Ein bil køyrde inn i ein annan, og det låg ein stor stein i vegen. Det er mogleg at denne var årsaka til ulukka, opplyser operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Entreprenør kom til staden for å fjerna stein og glasbrot i vegen. Tre personar var involverte i ulukka, men ingen vart skadde.
Forstyrra nattesøvnen
Klokka 2.17 natt til sundag måtte politiet rykka ut til eit husvære på Gudridflaten. Dei hadde fått melding om at høg musikk gjorde det vanskeleg å sova.
- Det ordna seg greitt etter at vedkomande dempa musikken og let att vindauge og dører, opplyser politiet.