Tatt i 67 km/t i 50-sonen
Politiet stoppa ein ungdom onsdag kveld.
Politiet i Os har to hendingar å melda om siste døgnet.
– Like før kl 22 blei ein ungdom, fødd i 2002, målt med gjennomsnittsmåling til 67 km/t i skilta 50-sone, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han vedtok eit førelegg på kr 5.850 og fekk 3 prikkar.
Kl 21 blei ein bil avskilta då han ikkje var framstilt for EU-kontroll. Politiet følgde førar heim før skilta blei tatt.