Bilbrann på Storum
Caravelle tok fyr heime på tunet.
Det kunne gått aldeles gale då ein Caravelle kassebil tok fyr på Storum i dag like etter klokka ni.
Bileigaren starta bilen på tunet og gjekk inn att i huset for å henta noko.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då han kom tilbake, stod bilen i full fyr.
Han prøvde å sløkkja, men skjøna raskt at han måtte ha hjelp.
Brannvesenet kom raskt til staden.
– Vi brukte seks-sju minutt på å sløkkja flammane, seier Gitle Smaadal i Os brann og redning.
Han legg til at varmen var så intens at det var like før det tok fyr i ein båt som stod litt lenger borte på tunet.
Brannvesenet driv no ettersløkkjing av bilen, men eimen av svidd gummi vert nok liggjande over Storum i nokre timar framover.
anne-marie@osogfusa.no