Bilbrann i Sollia

Politi og brannvesen rykte i ettermiddag ut til ein bilbrann i Sollia.

Det var ingen heime i huset som bilen stod parkert ved. Mykje tyder på at bilen sjølvantente. Det var årvakne naboar som melde frå om brannen.

Innsatsleiaren fortel at eigaren av bilen er informert, og at brannen er sløkt og alt er under kontoroll. Det heile skal ha vore udramatisk.