Bil stolen i Lysefjorden-området
Ein bileigar saknar ein grå Mitsubishi pickup L200. – Tjuveriet blei oppdaga torsdag, men eigar er usikker på kva tid bilen blei borte, fortel politibetjent Kjetil Hansen.
Tjuveriet blei meldt frå om klokka 14.00 torsdag.
– Bilen er ikkje skiltet. Om nokon har sett ein bil av denne typen, gjerne utan skilt, er politiet interesserte i å høyra frå dei. Tjuveriet skjedde i Lysefjorden-området, seier Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torsdag kveld fekk ein mann i Os ein ubeden gjest på besøk.
– Politiet blei tilkalla. Det løyste seg utan problem. Gjesten gjekk då politiet kom, fortel Hansen.