Nummerskiltet er sladda.
Nummerskiltet er sladda.

Bil i stolpe

For andre gong på to veker har den same lyktestolpen ved Søre Øyane skule blitt treft av ein bil.

Han kom seg ikkje på jobb torsdag, føraren av den grøne toyotaen som sklei av vegen på glatta i Røtingavegen i Søre Øyane. Til alt hell vart det ikkje noko personskade.

- Heldigvis stod det ein telefonstolpe i vegen, elles hadde eg nok gått rundt og landa i asfalten, seier føraren medan han ventar på assistanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til uhellet var den islagde vegen.

Personalet ved Søre Øyane skule kan fortelja at førre veke enda ein annan bil i akkurat same telefonstolpen.

- Men då var det ikkje glatt, seier ein av dei tilsette.

Glatt

Også politiet har vore ute på vegane siste døgeret. Onsdag kl. 22 var det trafikkontroll i Byvegen retning Os med fokus på dekk.

- Det var nemleg svært glatt på sidevegane, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

32 køyretøy vart kontrollerte, og ein førar vart meld for brot på tidlegare pålegg samt ein mangellapp.

Ein time seinare, i 23-tida, fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Søvikåsen. Årsaka var ikkje overraskande glatt vegbane.

Ingen vart skadde i uhellet, men bilen sperra ei stund Ole Bullsveg og måtte tauast vekk med store skader i fronten.