Bil i fjellvegg

Ein bil har køyrd i fjellveggen ved Holdhus i 80-sona.

Ei kvinne er frakta til legevakta etter at ho krasjet i fjellveggen i 80-sona like ved Tjønaleitet i Holdhus på riksveg 48.

- Me vet førebels ikkje noko om kva som er årsaka til ulukka, seier Hans Eirik Thue ved Operasjonssentralen i Hordaland og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er store materielle skadar på bilen. Kvinna skal vera lettare skadd, og er frakta til den lokale legevakta.