– Bil har køyrd i fjellvegg
Politiet melder om ulukke på Lepsøyvegen.
Ein bil skal laurdag kveld ha køyrd i ein fjellvegg i ei trafikkulukke på Lepsøyvegen.
Bilen blokkerer, ifølgje politiet, delar av vegen. Airbagen skal vera utløyst. Det skal ha vore ein person i bilen. Vedkomande skal vera bevisst, men skal ha smerter.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ei singelulukke. Sjåføren er ei kvinne, opplyser brannmannskap på staden.