Bil hamna på taket etter ulukke
Ein person vart sett til at helsepersonell.
Ambulanse og brannvesen rykte fredag morgon ut etter melding om ei trafikkulukke ved Skjelbreidsvatnet på Fv 48 mellom Eikelandsosen og Holdhus.
Den eine personen som var i bilen vart sett til av helsepersonell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personen kom seg ut av køyretøyet på eiga hand og var medviten og oppegåande.
110 Vest melde om ulukka på Twitter kl. 9.40. Brannvesenet fekk kontroll på staden og gjorde bilen straumlaus etter hendinga.
Det vart ikkje meldt om lekkasje frå bilen.
Operasjonsleiar i politiet var ikkje kjend med i kva retning bilen skal ha køyrt då Os & Fusaposten tok kontakt.
Det var i fylgje politiet store materielle skadar på køyretøyet, og det oppstod kø på staden etter ulukka.